menu-bar All the categories

395,00 kr 343,00 kr

Klimapolitikk handlar om klimaproblemet som samfunnsproblem, politisk problem og styringsproblem. Den naturvitskaplege klimavitskapen fortel oss at vi ikkje lenger lever under eit stabilt og «naturleg» klima, men eit som er i endring på grunn av våre utslepp av klimagassar, av korleis vi forvaltar naturressursane på kloden. Vi lever under eit «hybridklima», som resultat av samspelet mellom natur og samfunn. Følgjeleg vil framtida ikkje berre gje oss eit anna klima, men eit klima som vil vere styrt av korleis vi styrer samfunnet. Det er korleis samfunnet handterer denne nye situasjonen som er tema for denne boka. Dette «nye» klimaet er ikkje berre - og kan hende ikkje først og fremst - eit miljøproblem. Det er minst like mykje eit komplekst og samansett samfunnsproblem. Klimavitskapen har vist at vi lever under eit menneskepåverka klima og at den globale oppvarminga kan få dramatiske konsekvensar for samfunn og natur. Men den kan ikkje svare på korleis samfunnet kan eller bør handtere p