menu-bar All the categories

299,00 kr 262,00 kr

Trinn-for-trinn-guide til hårklipp for alle i familien. Er du den som klipper håret til familie og vener, utan at du nokon gong har lært det? Denne superpraktiske klippeboka viser deg korleis du med frisørens proffteknikkar og litt trening kan klippe vidt ulike frisyrar på både kort og langt hår. Nær 1 av 4 spurde nordmenn klipper faktisk håret heime og går aldri går til frisøren. Mange friskar også opp sveisen sjølv mellom frisørtimane. I Klipp deg! viser frisør Irene Stana dei viktigaste klippeteknikkane og gir tips om klippeutstyr, naturleg hårpleie og kva for kosthald som er best for håret. Stana meiner alle kan finne glede og nytte i å lære seg prinsippa i eit praktisk handverk, og at det er god berekraft å gi heimefrisørar eit godt fagleg utgangspunkt før dei finn fram saksa. Boka er rikt illustrert med trinn-for-trinn-foto og før- og etterbilete.