Sjå på alle dei rare dyrehendene!Vi menneske har hender med fem fingrar. Hos dyra ser hendene nokså annleis ut, og vi kallar dei potar, klør, loffar, klauver eller vengjer. Men ser vi på korleis menneskehendene og dyrehendene er bygde opp, så ser vi at dei liknar på kvarandre. Hendene er viktige verktøy, både for menneske og dyr. Sjimpansehanda liknar ei menneskehand og gjer at sjimpansen kan halde seg godt fast i treet. Froskar har fire lange fingrar med ein sugekopp på kvar fingertupp. Moldvarpen har ein ekstra finger som gjer det lettare å grave lange tunellar. Hendene til fuglane er gøymde inni vengja og er tynne og lette slik at fuglen kan fly. Kvalen bruker armane sine til å symje med, så dei fem fingrane er pakka saman til ei lang og kraftig padleåre. Bli med og oppdag dei forskjellige dyrehendene!