«Anna kjende panikken som ei kald klo rundt kroppen. Ho klarte ikkje røre seg! Stega i trappa kom nærare, snart ville den framande vere oppe! Han måtte ikkje finne ho! Det var som om lyden av fotstega i trappa forsterka seg til gjallande kanondrønn i hovudet til Anna. Sekunda kjendest som år. Plutseleg slo ein tanke ned i hovudet hennar. Ein skarp, klar tanke - som eit oppklarande lyn. Ho stirde på den breie karmen under vindauget i karnappet. Akkurat då høyrde ho det plinga i telefonen i handa si. Den lyden måtte personen i trappa også ha høyrt! Fotstega i trappa blei raskare! Anna rakk ikkje sjå på meldinga, ho tok eit kjapt steg mot vindauget og tenkte at ho berre hadde ein einaste sjanse. Ho stappa kartet i bukselomma og greip hardt tak i kanten på karmen.» Anna er igjen midt oppi mystiske hendingar. I denne boka er ho saman med hunden sin, Kaspar, og dei to venene, Siri og Erik, i eit gammalt hus på Vargholmen, der det ligg eit kystfort frå krigens dagar. Annas familie har arva de