Keith Moore er Europas største kokainlangar. Politiet har lenge prøvd å få han i fengsel. No er fire CHERUB-agentar sette på saka. Kan dei infiltrere Keith Moores organisasjon, når politiet ikkje har klart det? James Adams må begynne i det små med å levere stoff til småhaiane og bli kjend med den farlege underverda deira. Han veit at han må gjere eit eksepsjonelt stunt om han skal vinne tillit hos kokainkongen sjølv. Kokainkongen er bok 2 i den populære CHERUB-serien. Les også: Rekrutten, Flukta, Drapet, Heilag galskap, Mennesket og dyret, Slått ut, Gjengkrigen, Søvngjengaren og Generalen. Omsett av Øystein Rosse Robert Muchamore (f. 1972) arbeidde i mange år som privatetterforskar, men spenningsbøkene hans blei så populære at han slutta som etterforskar. Bøkene hans er no utgitt på over tjue språk.