Frå dei tidlegaste tider har mennesket drøymt om «Den løyndomsfulle hagen». Paradiset der alt veks, der fuglar syng, bier summar, froskar kvekkar, sommarfuglar leikar seg og sola alltid skin. Det å kompostera hjelper deg diverre ikkje med det siste på denne lista, men så absolutt med alt det andre. Med kompost som materiell, vert du Gaia sin eigen bygningsarbeidar. Du fornyar hage og åker på same måte som ho fornyar alt levande. Du kan skapa eit veldig mangfald av liv rundt deg. Kompost er nøkkelen til å låsa opp den magiske verda du trudde var tapt for alltid, eller forvist til fabel og eventyrbøker. Du byggjer nedanfrå og opp med kompost. Slik naturen alltid har vore bygd. Frå dei talrike små til dei store få. Urørt mold som blir tilført kompost, inneheld eit uhyre rikt og fullverdig økosystem. Dette systemet både lagrar karbon og skaper enorme mengder med mangfaldig næring til plantelivet. Å kompostera er difor noko av det viktigaste me kan gjera i kampen mot klimaendringar og tap a