Konstruktiv journalistikk
Kvar einaste dag skjer det positive og negative hendingar i verda, men nyheitsmedia rapporterer mest frå den negative sida. Over år har nyheitsformidlinga blitt ei historie om kriser, problem og skeivutvikling i samfunnet. Det er få nyheiter om positive utviklingstrekk, og det er sjeldan debatt om løysingar. Skal journalistikken vera relevant, må nyheitene gi eit meir balansert og truverdig bilde av verda. Konstruktiv journalistikk har som mål å retta opp det skeive nyheitsbildet og gi løysingar ein større plass. Dette er ei praksisorientert bok som gjer greie for kva som kjenneteiknar konstruktiv journalistikk. Boka formidlar refleksjonar frå erfarne journalistar og leiarar i bransjen, og tar til orde for ei nødvendig utvikling av journalistikken. Ambisjonen er å fornya faget og medverka til ei meir vital samfunnsrolle. Boka er skriven for studentar, journalistar og andre som jobbar i media, politikarar og alle samfunnsinteresserte. Vigdis Holmaas er journalist og vaktsjef i NRK, der