Kontakt Påbygging er nyskrive for påbyggingskurset Vg3. Verket følgjer i spora til Kontakt Vg1–Vg2, men ein kan bruke det sjølv om elevane har brukt eit anna verk tidlegare. Alt i éi bokTeoristoff og tekstsamling er i same bok og det gjer lærestoffet lettare tilgjengeleg. Særeige for læreverket er at teoridelen har grundige omtalar og eksempel frå mange av tekstane som elevane finn i tekstsamlinga. Slik får elevane sjå korleis dei sjølve kan analysere og omtale liknande tekstar. Egne kapittel om retorikk og skriving av tekstar viser elevane korleis dei skal skrive tekstar med ulike formål. Utvida tekstsamling på nettTekstsamlinga i boka dekker heile litteraturhistoria, men for å ha fleire tekstar å velje mellom, har vi ei eiga tekstsamling på nett som supplerer og utvidar tekstsamlinga i boka. Det er oppgåver til alle tekstane. Vegen mot eksamenPåbyggskurset har mykje stoff, og førebuingar til eksamen er ein viktig del av kurset. Vi har med tips og informasjon om eksamensoppgåver