Kornboka - brødets og ølets historie
Boka tar for seg korleis historia til kornet er vevd inn i sivilisasjonane som har bygd på det, fram til i dag. Biologiske eigenskapar og mutasjonar vi har møtt på tallerken og i gryta, er evolusjonsbiologi god som nokon. Dei finst i språket, i religion og kultur, i forskjellar mellom samfunn og i global politikk i dag. Dei stivelsesrike grasfrøa vi har levd av i tusenvis av år, vil vi òg avhenge av framover - men korleis? Folk har sanka korn i titusenvis av år - men for 10-12 000 år sidan tok dei til å temme det - først i Midtausten, snart etter i Kina, så Mellom-Amerika, Afrika og India. Dei blei, liksom husdyra, genetisk endra til eit liv i fangenskap. Dei kunne rømme igjen, men ikkje menneska, fordi dei raskt blei fleire. Fordi kornet var haldbart i årevis, blei kornlageret verdas første pengar og kapital og grunnlag for klassesamfunn. Alle kornsamfunn utvikla derfor skriftspråk og talsystem. I Kina og Afrika blei kornet kokt, i Midtausten male til mjøl og bakt til brød. Alle kunne når som helst brygge øl av det. Det siste tiåret har DNA-sekvensering klarlagt mange av gena som temma kveite, ris, mais og andre kornartar. Somme mutasjonar, som aroma i basmati-ris, skjedde ein gong og spreidde seg til jasmin-ris. Andre eigenskapar har oppstått fleire gonger. Saman med ny arkeologi trer dei mange kornhistoriene nå fram. Kornets biologiske historie er vår mathistorie. Rikdomen på mutasjonar gjorde mogleg mangedoblinga i kornproduksjonen i løpet av 1900-talet. Trass i ei tredobling av folketalet fall kornprisen kontinuerleg, bortsett frå under verdskrigane og ei børsboble i 1973. Ingen hundreår før har sett ei slik utvikling. Kornet mettar dei sju milliardane i dag , men kan det òg mette ti? Må vi ete meir korn, heller enn å fø opp stadig fleire husdyr? Og er det sunt for oss? Frå å vera eit symbol på overflod, feira på tallause myntar og frimerke, blir korn - særleg kveite - nå klandra for sjukdomar som cøliaki, diabetes og fedme. Samtidig vil mange ha