Korte meisterverk om livet og døden! Gaute M. Sortlands nye kortprosasamling handlar om livstrøytte norsklektorar, oppussing og ei pedagogisk førebuing på døden. Om den umoglege oppgåva å skrive dikt, livsglede, ei ekteseng full av steinar, og innrøykte litteratar. Små søner, varme sommardagar, tvil, tru og brå erkjenningar. I Korte meisterverk får vi servert både meir klassiske noveller og stramme korttekstar.