KRAFT Fysikk 1 (2021) er ei alt-i-eitt-lærebok med teori, oppgåver og forsøk som dekker læreplanen til fagfornyinga i fysikk 1. Eleven blir leia inn i fysikkverda gjennom utforskande aktivitetar, undring, eksperiment, programmering og modellering. Læreboka legg opp til fordjupning om rørsle, energi og klima. KRAFT 1 eignar seg godt i klasserommet og for privatistar som skal ta munnleg eksamen i fysikk 1.KRAFT 1 legg vekt på den eksperimentelle og utforskande naturen til fysikkfaget. Teoristoffet blir forklart enkelt og praktisk, og fagstoffet er knytt til aktivitetar og tenkepausar eleven kan gjere sjølv. På den måten utviklar eleven eigarskap til teoristoffet og blir ein aktiv, nysgjerrig og kritisk lesar.Læreboka er tydeleg og oversiktleg, med markerte lovar og definisjonar, innramma rekneeksempel, stikkord i margen og samandrag. Kvart kapittel har ein eigen farge, som gjer boka innbydande og enkel å navigere i. Til kvart kapittel følger det fleire varierte forsøk og nå enda fleire o