menu-bar All the categories

350,00 kr 304,00 kr

Den nye samlinga til Einar Økland er eit hjarteleg møte mellom austen, vesten og surrealismen, mellom natur og kultur, mellom liv og kunst. Lesaren blir førd inn i landskap som er kjent og ukjent på same tid: Naturlandskapet med aurar og fluger, kunstlandskapet med figurar og monument, himmelen med skyer og ein måne som aldri sluttar å fascinere, og dunkle draumelandskap. Vi møter eit undrande, kritisk og oppfinnsamt blikk i tekstane. Med alvor og humor tek Økland oss med gjennom sine landskap og viser oss vår eiga verd gjennom poeten sine auge.