Om det underlege mangfaldet menneskelivet erÅ opne ei diktsamling av Hans Sande er som å opne ei dør inn mot heile det underlege mangfaldet menneskelivet er. Få meistrar som Sande å balansere det konkret sansa og det fritt fabulerande, i fortetta poetisk form. Slik rommar Kunsten å somle dikt som spenner over eit stort register. Her er vare naturskildringar og fyndige sleivspark, ømme kjærleiksdikt og desperate dikt om kjærleik som brest. Her er barsk humor, sprelske overdrivingar, naken sorg og klok livsinnsikt. Her er dikt som let oss le og bli skaka, dikt til å kjenne seg att i og dikt til å bli djupt forundra over. Vi møter ein diktar som alltid er på leiting etter noko anna og usagt, og som uttrykker ein heftig kjærleik til naturen som myldrar i oss og omkring oss og på trass av oss.