menu-bar All the categories

399,00 kr 347,00 kr

I denne boka finn du presentasjon av, og intervju med, ni kunstnarar som alle bur og arbeider i det nordlige Trøndelag: Elisabeth Balstad, Liv Aursand, Kamme Greiff, Arnold Dahlslett , Grete Hagen, Randi Antonsen, Lise Brissach, Kristin Minsaas Bromstad og Bruce Jon Hamnes. Nokre av dei 9 i boka har hatt arbeidsplassen sin i Nord-Trøndelag heilt sidan tidleg på 70-talet, mens andre har kome til seinare. Til saman representerer dei ein viktig del av kunsthistoria frå denne landsdelen dei siste 50 åra. Etableringsfasen for dei første av dei ni fall saman med Kunstnaraksjonen 1974, der kunstnarane sjølve jobba hardt for å skaffa seg betre arbeidsvilkår, og meir medbestemming når det gjaldt bruk og omsetting av kunst. Kunstnaraksjonen hadde hatt tre krav som utgangspunkt: 1.Auka bruk av kunst 2.Vederlag for bruk. 3.Garantert minsteinntekt. Ein del av enkeltkrava gjekk igjennom. Og optimismen var stigande. Ikkje minst i Namdalen breidde denne optimismen seg. Folk slo seg saman i kunstnarkol