Kjenner du deg usikker når det gjeld ordval og ordlegging på nynorsk? Då kan denne vesle boka truleg hjelpe deg. Mange av dei som har nynorsk som sidemål i grunnskolen eller i vidaregåande skole kan ha god hjelp av Kva heiter det?. Erfaringar viser at også mange elevar som har vakse opp i område med språkblanding har problem med nynorsk, sjølv om det er hovudmålet deira. Også dei vil finne mange gode råd og tips i boka. Det same gjeld alle dei som må eller bør meistre nynorsk i det daglege arbeidet sitt. Nils Martin Hole har lang erfaring som norsklærar og har tidlegare gitt ut arbeidsboka Nynorsk som sidemål og minigrammatikken Nynorsknøkkelen.