menu-bar All the categories

263,00 kr

I alle organisasjonar finst det oppfatningar om kva identitet organisasjonen har i forhold til andre organisasjonar. Denne boka gir ein introduksjon til organisatorisk identitet - korleis verksemder oppfattar seg sjølv og korleis dei går fram for å vise det.

Med utgangspunkt i eit symbolsk perspektiv viser forfattarane korleis organisasjonsidentitet vert utvikla og fasthalden, korleis identitet vert uttrykt gjennom symbolbruk og korleis organisasjonsidentitet endrar seg over tid. Forfattarane tar opp utvikling av identitet gjennom dagleglivet i verksemda, men også gjennom strategiske val som blir gjort for at verksemda skal framstå slik ein ønskjer.

Boka har ei deskriptiv og analytisk tilnærming til emnet, men gir samtidig bakgrunn for refleksjon kring identitetsarbeid i eigen organisasjon. Den nye utgåva er oppdatert med nyare forsking på feltet og med nye eksempel.