menu-bar All the categories

399,00 kr 347,00 kr

Dagleg les over 2000 svoltne menneske bloggen til Anita Stokke Blomvik (f. 1983). Tobarnsmora, busett på Sunnmøre, meiner at alle kan lage mat og dyrkar den enkle og heimelaga maten på bloggen sin. Sjølv seier ho dette om si første kokebok: Dette er boka eg skulle ønskje at eg fann då eg gjekk i gong på kjøkkenet! Eg kunne knapt nok lage kvit saus, og å smake til ein rett hadde eg ikkje peiling på korleis eg skulle få til. Men eg ville at familien min skulle ete meir heimelaga mat, og mindre av halvfabrikata som vi var van med. I Kvardagsmat skildrar Anita så enkelt som råd framgongsmåten slik at du får eit godt resultat første gongen du prøver ei oppskrift. I boka finn du basisoppskrifter for dagar der heile familien skal på trening og det knapt finst plass til middag, oppskrifter til ein heilt vanleg tysdag og oppskrifter til dei dagane du får huset fullt av alle du er glad i. Ingen likar å halde på med noko dei ikkje meistrar, men med Anita sine råd lærer du knepa som gjer det letta