Jordleige på landsbygda i mellomalderen og tidleg nytid er eit mykje studert felt i norsk historieforsking. At ei tilsvarande leigeform fanst i byane er mindre kjent. Denne boka viser ein modell for grunnlegginga av byar basert på studiar av eigedomsforhold knytt til bygrunn, og drøftar deretter leige av grunn i mellomalderen på bakgrunn av korleis denne forma for disposisjonsrett har oppstått. Analysen baserer seg både på lokalt kjeldemateriale frå Bergen og ein vidare nordeuropeisk komparativ horisont.