Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, gjer seg klare til å bu saman i nett dette huset, nett denne vinteren. Dikta i Kverv er klåre og reine, prega av ein stor kjærleik til menneske og natur, ei undring over og beundring av det som omgjev oss. Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, gjer seg klare til å bu saman i nett dette huset, nett denne vinteren. Dikta i
Kverv er klåre og reine, prega av ein stor kjærleik til menneske og natur, ei undring over og beundring av det som omgjev oss.