menu-bar All the categories

349,00 kr 297,00 kr

Kvinner på Galgebakken er ei forteljing om mennesket på grensa til å bli sprengt av dei motstridande kreftene i sitt eige sinn. I ferien på Strandhytta møter banksjef Eng heile si fortid som ein mur han må gjennom for å komme vidare. Valet av livsretning har for Josef Eng ikkje berre vore ein konflikt mellom ulike livsideal, men ein kamp mellom tre kvinner som kallar på drifter i han. Han svik idealisten Vigdis til fordel for den sensuelt tiltrekkande Benedicte, og Sigrid, ei ny Vigdis, opnar gamle sår i han. Kvinner på Galgebakken er ei fengslande kjærleikshistorie og ein roman fyld av spenning og aktuelt problemstoff.