Isa er ein 14 år gammal gut frå den vesle byen Gjakova i Kosovo. Han er halvt serbisk, faren hans er ein ukjend serbisk soldat. Isa har vakse opp med mora Deborah og stefaren Reza, som er veteran frå Kosovo-krigen, og som aldri forsona seg med å ha ein uekte son i hus. Isa held seg tett til den tre år eldre halvbroren Shkodran, som er den einaste som kan beskytta han mot Reza. Handlinga i Kvit bok mørk vinter strekk seg over éin dag då Isa, Shkodran og Reza er ute i skogen med eit arbeidslag med krigsveteranar for å fella tre til brensel. Den ekstreme kulden er eit konstant følgje i denne konsentrerte og poetiske forteljinga om forholdet mellom to brør, og om eit skogsarbeid som held krigsminna på avstand.