menu-bar All the categories

199,00 kr 187,00 kr

Det hender sjeldan at May Grethe Lerum forlét arbeid, heim og hage og går frå pubquiz til pubquiz. Men det hender ofte at denne spørjespelfantasten let seg irritere over resirkulerte spørsmål med kjedelege svar. Kvifor spør så mange om hovudstaden i Burkina Faso, når ein heller kan bryne seg på interessante tema kring alt som er knytt til Noreg og folk i Noreg? Nå tek ho saka i eigne hendar. I Kvizzleik utfordrar ho alle andre kuriosanerdar og generelt nyfikne hovud med 1000 underhaldande og helst ikkje lett-googla spørsmål. For å setje tvilaren på sporet, forvirre betrevitaren, eller kanskje mest for moro, har kvart spørsmål møysommeleg fått fire svaralternativ. Med kategoriar som Blond og blondare, Kjøkensjefen veit, Sa stortingspolitikaren, Komi-karar, Lumsk blanding og Møøøøø! er ein kvizzfantast garantert spaning og moro med familie og venar, på ferie eller i kunnskapstørst selskap. Så kvess kvizzklørne og la deg rive med av denne Lerumske spørjeleiken! B