Nytt står mot gamalt i den vesle bygda Fræna, og vi møter politisk svært ukorrekte menneske: lokalpolitikaren som juksar seg til valsiger, mobben som marsjerar mot ordføraren sitt hus, og guten som mistenkjer at foreldra puttar sovemedisin i maten hans. Møt unge menn som prøver å køyre vekk frå Fræna, køyrer andre i hel og freistar leva med det, eller som jagar asylsøkarar gjennom skogen. I Lars Petter Sveen sitt Fræna reisar døde seg midt på lyse dagen, og innbyggjarane ber på mørke løyndomar. Politikk, eventyr og grøsser glir over i kvarandre. Det er ikkje godt å seie kva som er mest uhyggeleg.Lars Petter Sveen fekk Tarjei Vesaas Debutantpris, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for denne debutboka.