menu-bar All the categories

395,00 kr 343,00 kr

Dette er blitt ei bok som søker etter overgangane mellom bilde og tekst i det grenselandet der språket sluttar og naturen tar over, med andre ord: landskapets tekst. Slik glir desse dikta og måleria inn mot kvarandre og bort frå kvarandre i ei vedvarande søking etter sansningar og stemningar, på leiting etter det flyktige og flytande i språket og i naturen, i landskapet, i lyset og mørkret som skiftar heile tida i ein stille melankoli. Anders Kjær (f. 1940) har i over 40 år vore godt synlig i norsk kunstliv. Som målar og grafikar har han pendla mellom politisk kunst og minimalisme, men det austnorske landskapet har teke meir og meir over der han bur og arbeidar mellom Norefjell og Vassfaret. Oddmund Hagen (f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit titall diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Han er sterkt kritikarrost for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine.