«Galehuset var i grunnen eit vonbrot. Nei. Eg burde ikkje seie Galehuset. Det var skuf-fande lite av det eg ville forbinda med galskap der. Første gongen eg var innlagt på eit slikt hus hadde eg forventa meg gjerde, piggtråd og tjukke murar omkransa av parkområde, men fekk omvising i ein litt forvaksen villa. Folka hadde vanlege klede og sa me var likemenn. Eg kjende meg litt lurt, kan eg hugsa. Avdramatisert, på ein måte». To forpjuska menn med ulik diagnose kjem ut frå psykiatrisk klinikk same dag. Dei legg ut på ei rei-se. Snart viser det seg at dei har ulike mål og motiv med turen og dagane som kjem. Kjell Einar Thorkildsen kjem frå Valen i Kvinnherad men bur no i Bergen. Thorkildsen arbeider som psykiatrisk sjukepleiar og «Langt frå kort» er hans først roman.