Kort tid etter Paula Fox blei fødd i 1923, leverte foreldra ho på ein barneheim på Manhattan. Ho blei redda av bestemor si, og deretter levert frå hand til hand, frå New York til Cuba til California, og dei stadige møta med vennlege framande blei innimellom avbrotne av gjensyn med foreldra som ville låne ho for ei stund. I dette rørande portrettet heilt utanom det vanlege, om eit liv i tilfeldig flyt, har Paula Fox gitt oss eit sjeldan innblikk i kor mykje - og kor lite - eit barn treng for å overleve. Lånt stas er ein fantastisk minneroman om ein forfattars høgst uvanlege start på livet, og som raskt er blitt ein klassikar hos både lesarane og kritikarane. Boka er omsett av Tove Bakke, som også har omsett Paula Fox' Desperate personar til norsk.