menu-bar All the categories

365,00 kr

30 tekstar som trener flyt, forståing og innleving. Leseteater gir eit godt grunnlag for å arbeide med det munnlege som grunnleggjande ferdigheit i undervisninga. Her kan elevane øve på repetert høgtlesing på sitt nivå saman med éin eller fleire medelevar. Alle tekstane har som mål å oppmuntre elevane til å ta i bruk stemma si på leikent vis for å tydeliggjere og forsterke ulike kjensler og karakterar. Å lese med flyt, kommunisere og formulere seg i tale- og skriftspråk er sentrale element i lese- og skriveopplæringa. Gjennom ulike sjangrar og tekstar er målet at elevane skal kunne fortelje, lese høgt, presentere og på ulike måtar framføre både innanfor og utanfor klassefellesskapet. Tekstane er i første omgang meint som underlag for leseteater og høgtlesing i klassen, men dei kan òg nyttast som kortare og lengre skodespel på fellessamlingar, foreldrekveldar eller avslutningar.