Den seksten år gamle Knut reiser motvillig med mora Gunhild til Canada for å følgje i fotspora til oldefaren hennar, som forlét familien og seks barn i Noreg for aldri å komme tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode, og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt for han. Dei legg ut på reisa frå Vancouver i bubil, men Gunhild vil lenger ut i villmarka, og pressar gjennom at dei skal dra til ei aud øy og telte. Her tilspissar den vanskelege relasjonen seg ytterlegare, med alvorlege konsekvensar. Romanen byggjer på historia om Hilde K. Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste tretti åra av livet sitt åleine i Canada. Lev vel, alle er ei forteljing om mødrer og søner, endring og lausriving og om den korte avstanden mellom kjærleik og hat.