menu-bar All the categories

179,00 kr 157,00 kr

Eksistensielt drama om mor og son Motvillig blir den seksten år gamle Knut med mora Gunhild til Canada. Dei skal følgje fotspora til oldefaren som forlét familen og seks born i Noreg for aldri å kome tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og mora håper at turen skal bli eit vendepunkt. Ho har sjølv sine grunnar for å ønskje seg vekk. Reisa fører dei ut i den canadiske villmarka, der ingenting blir som dei hadde trudd. "Lev vel, alle" er eit engasjerande drama om eit komplisert forhold mellom mor og son. Historia er inspirert av Kvalvaags eigen oldefar som forlét familien og levde dei siste 30 åra av livet sitt åleine i Canada. "Lev vel, alle" er ein roman om å lausrive seg og å finne seg sjølv og sin plass i verda.