Eit skarpt og underhaldande feministisk bokløft! Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir Bildøen ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra. I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år, ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar. Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.