menu-bar All the categories

369,00 kr 321,00 kr

EIN JUNIDAG I 1940, då Torleiv Austad er tre år gamal, tar 70 tyske soldatar seg til rette i heimen hans, prestegarden i Valle. Far til Torleiv er sokneprest der - i ei bygd med særeigen kultur og levande forteljartradisjon. Han skulle tidleg bli ein aktiv deltakar i kyrkjekampen mot okkupasjonsmakta. Torleivs mor kom frå Fyresdal, som Vidkun Quisling rekna som si heimbygd. Torleiv fortel om sterke opplevingar frå denne dramatiske tida. Dei feste seg i sinn og tankar. Seinare i livet, som ung teologisk kandidat, skulle kyrkjas møte med totalitære ideologiar bli eit fagleg interessefelt for han. Han fekk Kongens gullmedalje for eit arbeid om kyrkjekampen i Tyskland. Teologisk doktorgrad tok han på ei avhandling om den norske vedkjenningserklæringa «Kirkens Grunn» frå 1942, som låg til grunn for prestane sitt brot med det statlege kyrkje-styret, noko faren også hadde gjort. Torleiv Austad er framleis aktivt med i det offentlege ordskiftet om kyrkjas rolle i motstandsrørsla under krigen.