menu-bar All the categories

179,00 kr 168,00 kr

Ein klok og humoristisk introduksjon til vaksenlivet! «Eg har søkt på så mykje på nettet i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet. Eg har berre gjort det som verkar rett, det alle andre gjer. Det er dristig, tenkjer eg og stirer på det vesle rekkjehuset vårt. Dei som søv i andre etasje, er mine menneske. Så dristig, nesten sjukt å investere så mykje pengar, så mykje tid, så mykje krefter utan å undersøke ordentleg.» På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete