Kunstnaren Bernhard Greve (1886-1962) er rekna som ein av dei viktigaste norske glasmålarane, og står bak glaskunsten i svært mange norske kyrkjer. Han kom frå Bergen, men busette seg i Lofthus, Hardanger. Saman med Margrethe Koch (1890-1964) og Ole B. Eyde (1898-1966) utgjorde dei i mange tiår eit kunstnarmiljø i Lofthus, som sette sitt preg på bygda og måla portrett og landskap med motiv frå Lofthus, frå fjellet og bygdene ikring.I tillegg til kunsten, så tok Bernhard Greve tidleg til å samla på gamal husbunad, og i 1920 fekk han sett opp den første røykstova på Skredhaugen. Det vaks etter kvart opp eit heilt tun med gamle bygningar, og i 1937 busette han seg fast i dette idylliske tunet, som i dag er eit bygdemuseum eigd av Hardanger Folkemuseum.