Mads Erik Odde har leita fram gamle slåttar, komponerte nye, notert dei ned og arrangert dei for akkordeon, eller trekkspel med melodibass. Etter seks og eit halvt år på musikkhøgskulen vart resultatet eit notehefte, eit utdrag av arbeidet som vart lagt ned desse åra. «20 slåttar arrangert for akkordeon» er utgangspunktet for denne plata. Mykje av stoffet er typisk døl; roleg, beherska og lognt