Lógos grammatikós er ein grammatikk i klassisk gresk for C-språk i den vidaregåande skolen. Den er andre del av eit prosjekt som også femner læreboka Lógos attikós (2001) og tekstsamlinga Lógoi hellenikoí. Grammatikken er tradisjonelt bygd opp med hovuddelane formlære, orddanning og syntaks. Syntaksen er bygd over tekstane av forfattarane i tekstsamlinga Lógoi hellenikoí. Derfor er eksemplematerialet i første hand henta få tekstane i Lógoi hellenikoí. Tor Hauken er dr.philos. og førsteamanuensis i klassisk filologi ved Universitetet i Bergen. Han har sjølv lært gresk på Bergen Katedralskole og har undervist i faget sidan 1973.