Lær deg å lære 4 lærarrettleiing gir ei kort innføring i dei fleste teknikkane og rettleiing i korleis læraren kan arbeide med dei ulike studietekniske emna. Dessutan gir ho hjelp til mengdetrening og repetisjon. Ho gir mange tips om ulike aktivitetar og forslag til fleire øvingstekster. Lengst bak i rettleiinga finn ein fleire kopiark med mange oppgåver og øvingar. Nokon av tekstene på kopiarka er tekster som er lette å lese. Desse kan ein bruke i ei tilpassa undervisning. Nokon av tekstene frå tekstboka er laga med enklare språk og færre opplysningar. Dei er knytt til bestemte studieteknikkar, men kan bli bruka i fleire samanhengar. Ein kan finne fasitsvar for bøkene i lærarhefta.