Læraren (1896) er eit av hovudverka i nynorsk dramatikk. Her møter vi Paulus Hòve, son til Enok i Fred. Verket er eit drastisk oppgjer med syndedyrking i visse kristne miljø, men her er òg ein samfunnskonflikt og ein kjærleikskonflikt. Og det er samanflettinga av alle desse motiva som gjer Paulus til ein farleg mann.