menu-bar All the categories

249,00 kr

Driven av ein draum om gjenerobring forlèt den unge kunstnaren Robert Frahm Oslo og reiser til Syden, til Costa de la Luz, for å oppsøkje den tidlegare kjærasten sin, Maya Mesic. Han tar inn på eit hotell der turistlivets intime trivialitetar snart får han til å dele heile kjærleikshistoria si med ei gruppe tyske pensjonistar. Medan han førebur den store framstøyten for å vinne Maya tilbake, går dei tragiske realitetane gradvis opp for han: Ho kan allereie vere tapt.Flornes Skaret skildrar kjærleiksbrotets brutale etterdønningar med språkleg sikkerheit, særmerkt observasjonsevne, og varleik for omgivnadene.