Lukk auga og tenk på taco
Ei hyllest til helg! P3-profil Ronny Brede Aase elskar det gode liv! Han meiner at det beste du kan gjere for deg sjølv, er det som gjer deg lukkeleg. Sjølv kjenner han på lukka når ei gryte putrar på ovnen, når han høyrer lyden av ein leskande boks som blir opna og gode venner som ler, eller når favorittlåta blir spela på maks volum. Og han elskar helg! Men kvifor skal toppen av lukke vere øyremerkt 2/7-delar av livet? I denne boka finn du alt du treng for å kjenne den herlege, kitlande følelsen av helg - kvar dag! Ein opposisjon til det rådande grønkålveldet, proppfull av inspirasjon, morsomme anekdotar og sjølvlaga teoriar. Din egen guide til å leve det gode liv - heile veka. Ronny lærer deg korleis: Berre Lukk auga og tenk på taco - og la helgefølelsen komme!