menu-bar All the categories

339,00 kr 295,00 kr

Efrem forlag er oppglødd over å kunna presentera ein roman (NB: som no er bekrefta innkjøpt av Kulturrådet) av ein noko uvanleg debutant, den 77 år gamle Ola I. Breivega - filolog og tidlegare leiar i Noregs Mållag. «Lutheri!» handlar om den historiske magister Kristofer Rasmusson Hjort, leiar for ei undergrunnsrørsle av katolske prestar i Noreg nokre tiår etter reformasjonen. Forfattaren, som er full av innsikt i dei uforsonlege kreftene som stod mot kvarandre i Noreg i ei turbulent tid, lèt sitt språklege medium, nynorsken, spela på alle sine strenger, alt frå det pittoreske til det pikante. «Å sjå til er landet som før. Same dalane og elvane, same fjordane og fjella. Same målet som før høyrest i bondestover og fiskarheimar og i dei gråe husklyngjene vi ikkje veit betre enn å kalla byar. Skomakarane syr sine skor, og kremmarane falbyd sitt kram. Folket tygg sin vassgraut og slurpar i seg sitt skjør. Og kvar helst det finst hus, finst det kyrkjer. Utanpå er dei òg som før. Men på inns