menu-bar All the categories

299,00 kr 262,00 kr

Lyden av stein som flyttar seg under vatn er ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013. I årets bok held Seljestad fram den poetiske behandlinga av produksjonsprosessen i ei rekkje skarpe og presise dikt. Samstundes utvidar han perspektivet til også sentrallyriske motiv: livet, naturen, kunsten og døden. Samlinga inneheld store, sterke og stolte dikt som rører ved kjernen av det å vera til, av det å ha fått eit liv og ein vilje til å prøva ut ulike måtar å skape meining i livet. «Et godt stykke ujålete Odda-lyrikk. Lars Ove Seljestad dikter stemningsfullt om alt fra småkårsfolk til nyutsprungen blåbærlyng.» Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende Nominert til LOs litteraturpris 2020