Mange har ein draum om å gjere ei spesiell reise, eller berre dra av stad på ei reise, den store reisa. Kanskje dra opp på det høge fjellet, krysse hava, eller vitje ein spesiell stad. Denne boka er litt av historia om korleis Kari Tveiten og Andreas Raknes realiserte sine reisedraumar. I oktober 1983 tok dei seks måneders permisjon frå jobbane sine og reiste som rygg-sekkturistar i USA, Chile, Argentina, Bolivia og Peru, i hovudsak med buss og tog. Dei vart fasinerte av denne reisemåten som gjev god kontakt med land og folk. I åra som kom reiste dei til Mexico, Guatemala, Cuba, Brasil, og attende til Argentina, Bolivia, Peru og Chile, og til slutt austover til Borneo. På slutten av 2001 vart det ny tur til Sør-Amerika.