Magnus. apostrof har to forteljingar, som heng saman. Den eine går føre seg på 1100-talet, på den tida då Noreg vart forma som nasjon, og krinsar omkring St. Magnus Erlendsson. I den andre er handlinga lagd til ei ikkje nærare tidfest framtid, der menneske, land og byar er utsletta i ein stor katastrofe. Begge forteljingane finn stad i det som var kjerneområda til dei norske vikingane i Skottland og på Vesterhavsøyane. Når Jon O. Lorentzen leverer eit romanmanus, er det all mogleg grunn til å retta seg opp i stolen, skjerpa sansane og skjerma hjernen for distraksjonar. Handlingsforløpet er kronologisk og greitt å følgja, men det skjer også mykje meir på alle moglege andre plan. Jon O. Lorentzen (f. 1950) er filolog, bur i Egersund og har undervist i språk i heile sitt vaksne liv. Lorentzen har mastergrad i spansk litteratur frå University of California. Han debuterte i 2004 med romanen Den symmetriske tvillingen, og i 2011 gav han ut romanen Café Gibraltar. Han har også gjeve ut ei bok