I år er det 15 år sidan folkeavstemminga om EU. Resultatet vart eit braknederlag for den norske makteliten. Kjell-Erik Nordenson Kallset, historikar og nyhetssjef i Dagsavisen, har skrive historia om korleis EU-prosjektet til Gro Harlem Bruntland vart torpedert av folk i hennar eigne rekker. Kven var desse folka som våga å utfordre makta både i Arbeidarpartiet og i LO? Og kva strategiar og verkemiddel brukte dei for å nedkjempe toppfolka i arbeidarrørsla? Boka Makta midt imot viser korfor motsetningane frå EU-kampen ikkje tok slutt og korleis dei pregar Ap den dag idag. Dessutan syner boka kva nei-sida kan lære av 1994 før den neste EU-kampen.