menu-bar All the categories

199,00 kr

MAO SIN RAUDE KJOLE er historia om å vakse opp i ei tid då det meste var mulig. Det å revolusjonera samfunnet vårt varlangt frå nokon utopi, sjølv om tankane og ideane kom heilt frå Kina. Ein kunne bli akkurat det ein ville, den gongen, sånn på slutten av sekstitalet. Til og med popstjerne kunne ein bli, om ein verkeleg ville. Boka er og ei historie om venskap. Om å høyra til - og om det forferdelege ved å ikkje høyra til. Men ikkje minst er det ei historie om gryande kjærleik mellom to ungdomar, der den eine nokre gonger er i tvil om han har dei rette føresetnadane for å elska og å bli elska ...