Erik har flytta til Berlin med kone og barn for å studere kunsthistorie. Ein dag han kjem tidleg heim frå studiet ser han kona i bakgarden, i samtale med advokaten Rammstein - ein nabo med kvinnetekke. Tonen er flørtande, og Erik blir sjalu. Det er starten på eit indre Marathon. Ei reise gjennom den tyske natta, som han er alt anna enn førebudd på.