Bergen i høymiddelalderen: Ein fortelling om kjærleik og vondskap i ei tid med pest og oppløysing, om korleis eit hemmeleg fellesskap av kvinner skaper lys og framtidstru i ei mørk tid. Medrivende fortalt og godt komponert...ein truverdig og påliteleg roman som aldri lar seg freiste av kontrafaktisk historieskriving. Dag og Tid Ei annleis jente veks opp.på kongsgarden. Luro. Ho vil skapa det vakre, - med kniv. Ei prinsesse vert borte, men kjem att på underleg vis.. Det brenn eit bål på Nordnes i Bergen i 1301,. kven ho var som vart brend, veit ingen.. Eit. hemmeleg laug for kvinner gjer det ulovlege.. Dei trur det umogelege, trass forbod og bann... Ei forboden tru reiser ei kyrkje der bålet brann.. Margretekyrkja stod i 200 år, kven som bygde, veit ingen. Kanskje var jenta med kniven med, saman med steinhoggaren sin. Ingen veit korleis livet i eldhusa var, korleis. det var å ha kunstnarevner då. Soga teier om mange gåter, denne boka gir mogelege svar.