menu-bar All the categories

199,00 kr 173,00 kr

Forlagets omtale: Maria vil gjerne sjå tynn ut, slik som nokre av jentene i Paradise Hotel. Ho drøymer om Johannes, for dei to er jo kjærastar, dei er det, det er dei som er det, klart dei er. Johannes svik aldri, han; går rundt med kondom i jakka si, og ventar, og ventar, på ho. Stakkars. Fine guten. Mamma les Knausgård og har kontakt med ånder, papa pratar pent stavangersk og er definitivt snillast. Venninna Mina gir rare råd. Ho går i ei superkristen kyrkje. «Maria mi. Du er mi Maria, du. Mi Maria.» Han var ikkje nøytral lenger. Det var slutt på slikt skodespeleri. Ho hadde munnen hans i heile andletet. Han klamra seg fast til halsen hennar, skrapa langs akslene med klørne, klora seg ned mot ryggen, åla overkroppen sin inntil brysta, masserte ho på rumpa og låra. Det vart mest for mykje av det gode. Ho var lykkeleg og overlykkeleg, letta over at han viste slik glød, nøgd med at han verka så opprømt, glad for at han elska ho. Ja, verkeleg. ELSKA ho. «Snu deg litt mot høgre», sa han.