Endeleg! For ei glede! Så mange av dei gode Jærsongane samla i ei bok - med notar, akkordar og tekst. Nå kan me koma saman og spela og syngja songane som me kjenner så godt - frå Vind i Gardhol, frå Lappeteppe og Jærrock. Desse hymnene til vårt eige landskap, på vårt eige språk. Ta fram gitaren! Set deg til pianoet! Stem i! 53 songar med tekst og notar, historiane om dei enkelte gruppene, og ei flott innleiing av Helge Torvund.