menu-bar All the categories

179,00 kr 157,00 kr

Studietida er for lengst over, og livet er i ferd med å feste seg for Regine Hansen og vennene hennar i Bergen. Fridommen til å velje minkar, fortid og notid flyt i kvarandre, og fellesskapar smuldrar opp. Gjennom Regine sin jobb som saksbehandlar i Aetat får vi eit innblikk i liva og lagnadene til folkemylderet ho dagleg omgir seg med. Absurditetane i livet trer tydeleg fram. Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av vennskap og einsemd, om suget etter å høyre til - og om den klaustrofobiske fellesskapen. Med nittitalet som nært bakteppe handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Noreg.